fbpx

Drøymer om meir fritid

Sekstimarsdagen er kinderegget som samlar feministar og klimarørsla. Men har me råd til å jobba mindre etter koronakrisa?

Kor lenge skal me jobba? Spørsmålet har følgt oss gjennom historia, og fasiten har endra seg over tid. I 1915 innførte Stortinget titimarsdagen, ein viktig prinsipiell siger for arbeidarrørsla. Over tid har arbeidstida gradvis blitt redusert gjennom lovverk og tariffavtalar. Like etter krigen jobba dei fleste arbeidarane 48 timar i veka og fekk skarve to veker med ferie. Sidan den gong har arbeidsveka krympa med over ti timar, og ferievekene blitt plussa på med tre.

 

Ikkje alle vil stansa der. Forkjemparane for kortare arbeidstid vil ha arbeidstida ytterlegare ned – til seks timar om dagen, eller 30 timar i veka. Men no kullkastar koronakrisa økonomien, og mange arbeidsplassar står i fare for å forsvinna. Har me då råd til å jobba mindre?

SV-nestleiar Kirsti Bergstø

– Alle forsøk med sekstimarsdagen har ein ting til felles: Dei er vellukka.

Ladar opp til 2021

– Alle forsøk med sekstimarsdagen har ein ting til felles: Dei er vellukka. Dei tilsette får både meir overskott til å gjera jobben sin og energi når arbeidsdagen er slutt, seier nestleiar i SV, Kirsti Bergstø.

 

Koronakrisa legg ingen dempar på hennar engasjement for sekstimarsdagen.

– Me treng ei betre fordeling av arbeid, helse og fritid. Dette blir forsterka no som koronakrisa slår inn og arbeidsløysa går opp.

 

Ho får støtte av Farid Shariati, sosialpolitisk talsperson for Miljøpartiet Dei Grøne, MDG.

–  Generelt er kortare arbeidstid endå meir aktuelt med auka robotisering, som gjer at mange jobbar blir vekke på relativt kort tid. Då er sekstimars arbeidsdag ein fin måte å dela på arbeidet på fleire, seier han.

 

Debatten rundt sekstimarsdagen kan koma til overflaten igjen til neste år, når det er duka for både stortingsval og LO-kongress. Blant opposisjonen er både Rødt, SV og MDG positive til sekstimarsdagen. SV og Raudt har sett av 50 millionar kroner til prøveprosjekt med sekstimarsdag på deira alternative statsbudsjett, medan MDG har sett av 115 millionar.

 

Arbeiderpartiet har også signalisert at dei er på glid. I 2019 gjekk landsmøtet inn for å etablera nasjonale tilskotsordningar for forsøk med kortare arbeidstid. Ap vil prioritera særleg belastande yrke, og gje midlar til forsking for å måla effektane av kortare arbeidstid.

– Vegen til sekstimarsdagen går ikkje gjennom Stortinget, men fagrørsla. Men økonomiske tilskott, som me går inn for, gjer at fleire får erfaring med ordninga. Det vil føra til eit auka press for å få gjennom sekstimarsdagen, seier Bergstø i SV.

 

I LO har mektige Fagforbundet, som organiserer heile 350.000 tilsette, lenge kjempa for kortare arbeidstid. I 2017 fekk dei gjennom at LO skal laga ein plan for korleis ein kan gå vidare med arbeidstidsreduksjonar. Den skal leggast fram for LO-kongressen til neste år, som er LOs høgaste organ og blir halden kvart fjerde år.

Les meir på Frifagbevegelse.no.

 

Klima og kvinner

På mange måtar er sekstimarsdagen eit kinderegg som sameiner feministar og klimarørsla. Drøymen er mindre forbruksvekst, høgare livskvalitet og meir likestilling. For å ta det siste først: Kvinner har nemleg alt snikinnført sekstimarsdagen. Sidan mange kvinner jobbar deltid, endar kvinner i snitt med å jobba 30 timar i veka, mot menn som jobbar 36.

 

Kirsti Bergstø i SV meiner sekstimarsdagen er ”heilt avgjerande” for å sikra likestilling mellom kvinner og menn. Den vil sikra at fleire kvinner får heiltidsstillingar.

– I dag er normalen at kvinner jobbar deltid og menn jobbar overtid. Det er ingenting som lukter likestilling av ei slik ordning. Sekstimarsdagen vil sikra likare fordeling av uløna og løna arbeid mellom menn og kvinner.

 

Det står i kontrast til Perspektivmeldinga som regjeringa la fram i 2017. Meldinga er eit slags langtidsvarsel for norsk økonomi, og den kom med ein tydeleg beskjed: Me må jobba meir for å redda velferdsstaten. Fallande oljeinntekter og eldrebølgja trugar finansieringa av den offentlege velferda. Året etter gjekk statsminister Erna Solberg ut og sa at me må jobba 43 timar i veka om me ikkje får fleire inn i arbeidslivet og fleire kvinner til å jobba heiltid.

 

Bergstø i SV og Shariati i MDG er begge kritiske til Perspektivmeldinga. Grunnen er at meldinga legg til grunn at inntektene våre kjem til å veksa til himmels. I mellomalternativet – basisalternativet – aukar inntektene våre med 80 prosent fram til 2060. I det mest optimistiske alternativet aukar BNP per innbyggar med heile 280 prosent fram til 2060.

– Det er urealistisk, uhaldbart og uansvarleg å legga opp til forbruksvekst. Me skal ikkje forbruka meir. Me må forbruka radikalt mindre og annleis. Forbruket må vris over til ting og tenester som ikkje har eit høgt fotavtrykk, seier Farid Shariati i MDG.

 

– Har du ein bil i dag, treng du ikkje tre bilar i framtida. Det finst grupper som treng å auka forbruket sitt, for nokre har hatt stagnert reallønsvekst. Men dei aller fleste har ikkje eit behov for å tredobla sitt forbruk, seier Bergstø i SV.

 

Perspektivmeldinga for 2020 skulle koma i vår, men er førebels utsett på grunn av koronakrisa.

Les Perspektivmeldinga 2017 HER.

– Det er urealistisk, uhaldbart og uansvarleg å legga opp til forbruksvekst. Me skal ikkje forbruka meir. Me må forbruka radikalt mindre og annleis. Forbruket må vris over til ting og tenester som ikkje har eit høgt fotavtrykk.

Ueinige om kompensasjon

MDG og SV er ueinige i korleis ein sekstimarsdag skal innrettast. SV vil ha full lønskompensasjon, der arbeidarane tener like mykje for kortare arbeidsdag. MDG vil heller at meir fritid skal erstatta ei auke i realløn.

– Er det pengar som er det ultimate målet for alle? Det trur ikkje me i MDG. Det er mange norske arbeidstakarar som ønsker meir fritid. Me må ha eit tak på evig lønsvekst, seier Farid Shariati i MDG.

 

Bergstø er kritisk til MDG sin modell.

– Noko av lønsveksten kan takast ut i fritid, men full løn må vera ein føresetnad. Elles blir sekstimarsdagen berre ei ordning for dei som har råd.

 

Shariati kontrar med at MDG ønsker borgarløn og ei reformering av skattesystemet.

– Me vil ha ei heilskapleg skattereform som hindrar at formue og kapital blir konsentrert på eit fåtal hender. Målet er ein skattepolitikk som er sterkt omfordelande frå dei som har mest til dei som har minst. Me vil også sikra rettferdige løner som er å leva av, også for einslege forsørgjarar. Det, saman med borgarløn, sikrar at dei som i dag har låg inntekt, ikkje vil tapa på sekstimarsdagen.

Spekter: ”Heilt useriøst”

Ein som er svært skeptisk til sekstimarsdagen uansett korleis den blir innretta, er Anne Turid Wikdahl, arbeidslivsdirektør i Spekter.

– Sekstimarsdagen er heilt uaktuell, ikkje minst i dagens situasjon. Det hadde vore heilt useriøst av politiske parti og fagrørsla å jobba for sekstimarsdagen no under koronakrisa, meiner Wikdahl.

 

Anne Turid Wikdahl, arbeidslivsdirektør i Spekter.

– Sekstimarsdagen er heilt uaktuell, ikkje minst i dagens situasjon. Det hadde vore heilt useriøst av politiske parti og fagrørsla å jobba for sekstimarsdagen no under koronakrisa.

Ho peikar på at verdiskapinga i Noreg målt i BNP har falle med 14 prosent i løpet av mars månad. Statistisk sentralbyrå varslar at lågkonjunkturen me no er inne  i, vil vara i mange år framover.

Les mer på SSBs nettsider.

 

– Sekstimarsdagen står i klar kontrast til kva partane i arbeidslivet og myndigheitene no gjer for å få oss gjennom koronakrisa. Målet er å stimulera privat næringsliv for å redda arbeidsplassar og skapa nye. Det siste me treng, er ein arbeidstidsreduksjon som vil gjera at lønskostnadane vil auka kraftig.

 

– Sett at mange jobbar forsvinn for godt: Kan ikkje sekstimarsdagen vera med å fordela dei jobbane som er, på fleire menneske?

– Ein skapar ikkje økonomisk vekst ved å fordela jobbane på fleire menneske. Ein skapar ikkje vekst ved å auka kostnadane, for det er det som vil skje om ein innfører sekstimarsdagen.

 

Anne Turid Wikdahl meiner me må ha auka vekst og verdiskaping for å oppretthalde dei velferdsordningane me allereie har. Spekter-direktøren trur ikkje at framtidig BNP-vekst kan betala for ein sekstimarsdag. Ho peikar på at ein lønskompensasjon vil føra til at det private forbruket blir halde oppe.

– Eg trur ingen fagforeiningar vil akseptera at realløna går ned om ein innfører kortare arbeidstid. Og eg skjøner ikkje korleis ein kan ha mindre forbruk om arbeidarane skal ha like høg løn for mindre arbeid. Det kan vel heller bli motsett.

 

Spekter er Noregs tredje største arbeidsgjevarforeining, og representerer mellom anna alle dei statlege helseføretaka. Der jobbar mange kvinner deltid.

 

– Me har alt ei stor gruppe som vel å jobba 6-timarsdagar, nemleg kvinner. Kan ikkje det vere eit teikn på at ein kjernefamilie ikkje klarar at begge jobbar 7,5-timarsdagar?

– Det er ikkje berre kvinner med barn og familie som jobbar deltid. Kvinner som ikkje har barn, eller har store barn, jobbar i større grad deltid enn kvinner med små barn, seier Wikdahl.

 

Ho peikar på gode og ønska ordningar for permisjon, sjukeløn og kompetanseheving også er med på å skapa deltid. I tillegg er det ikkje funne løysingar på helgekabalen som sikrar heiltidsstillingar i Helse-Noreg.

– Dette må vi finne løysningar på, slik at kvinner kan jobba meir. Me treng arbeidskrafta deira framover.

Offentleg sektor kan esa ut

Sjeføkonom i LO, Roger Bjørnstad, har tidlegare studert effektane av forkorting i arbeidstid. Han er klar på ein ting: Me kan ikkje innføra sekstimarsdagen som ein direkte respons på koronakrisa.

– Sekstimarsdagen er ein metode der ein på langt sikt hentar ut verdiskaping i form av fritid. Det har langsiktige effektar, og eg meiner det ikkje bør brukast som eit verkemiddel for å hindra ein lågkonjunktur.

 

Fordelen med kortare arbeidstid, slik Bjørnstad ser det, er at det vil føra til at folk som i dag er arbeidsledige, kan koma seg i jobb. Ei av ulempene er at viktige oppgåver, i til dømes offentleg sektor, kan bli vanskelegare å løysa.

– Eldrebølgja gjer at me kjem til å krevja gode velferdstenester også i tida framover. Skal offentleg sektor få redusert arbeidstid samtidig som den skal vernast, då blir den sektoren større, og privat sektor blir mindre. Om me prioriterer dette, må me auka skattane.

 

Me må betala ein god del meir i skatt i framtida for å få råd til ein gradvis reduksjon av arbeidsdagen. Anslaga på kor mykje skatten må opp, varierer. I 2008 rekna Roger Bjørnstad på akkurat det, då han jobba som SSB-forskar. Han fant at inntektsskatten må opp med litt over 3 prosentpoeng i ulike scanarier der arbeidsveka blir redusert med 20 prosent innan 2050.

Les studien HER.

 

SSB-forskar Erling Holmøy hamna på eit langt høgare anslag då han i 2014 studerte effektane av ein gradvis innføring av sekstimarsdag fram til 2060. Her auka skattetrykket på hushalda sine inntekter med heile 10 prosentpoeng, samanlikna med ein situasjon med uendra arbeidstid.

Les studien HER.

Graf: Utvikling i arbeidstid mellom kvinner og menn. Kilde: SSB.

Illustrasjon: Utvikling i arbeidstid mellom kvinner og menn. Foto: SSB

Jobbar me kortare dagar, så produserer me mindre og forbruker mindre. Men, det slår ikkje nødvendigvis så sterkt ut i miljøvenlege forbrukskutt, seier Roger Bjørnstad.

– Når me har redusert arbeidstida tidlegare, så har mykje av knappheita i arbeidskraft blitt møtt med investeringar i nye maskiner og ny teknologi. Det dempar nedgangen i forbruk. Forbruket går ned, men ikkje så mykje som ein eigentleg skulle ha venta seg.

 

Sjeføkonomen arbeidar no med bestillinga frå LO-kongressen om å laga ein plan for LO sitt vidare arbeid med arbeidstidreduksjonar.

– Me skal laga ein plan, ikkje koma med eit klart ja eller nei til sekstimarsdag. Me skal legga fram planen for kongressen til våren 2021.

 

Vindauget som brast

Noko av det Roger Bjørnstad seier er naturleg å sjå nærare på, er erfaringa frå Tine sitt sentrallager på Heimdal i Trøndelag. I 13 år har anlegget vore eit utstillingvindauge for sekstimarsdagen, der dei tilsette jobbar redusert, men for full løn.

 

Tillitsvald Kåre Pedersen seier at det er skiftarbeidarane, som utgjer rundt 100 av 150 tilsette, som er dei største vinnarane på kortare arbeidstid.

– Før var folk ferdig med kveldsskiftet ved midnatt. Då kom dei heim med ein oppgira kropp og mange hadde vanskar for å sovna. Dei såg verken barn eller sambuar den veka dei jobba kveldsskift.

 

Etter at Tine Heimdal innførte sekstimarsdag i 2007, er folk på kveldsskiftet ferdige seinast halv ni på kveldane.

– Dei har fått tid til å sjå barna før dei legg seg, tid til familien. Døgnrytmen til dei tilsette er betre.

 

Han fortel at sjukefråværet gjekk ned frå eit stabilt høgt nivå på rundt 11 prosent, til rundt 6-7 prosent etter sekstimarsdagen vart innført. Dei tilsette er blitt meir produktive dei timane dei jobbar, seier Kåre Pedersen.

 

Likevel, no slår utstillingsvindauget sprekker. 1. September er det kroken på døra for ordninga. Tine har beslutta å skrota sekstimarsdagen for å spara pengar.

– Tanken er at med lengre driftstid på anlegget, så kan ein produsera meir kvar dag. Det kan bli ein økonomisk gevinst av å kutta ut sekstimarsadagen på kort sikt. Men på langt sikt frykter eg det ikkje går, der dei tilsette får fleire belastningsskadar og der sjukefråværet går opp, seier Pedersen.

 

Han håpar og trur at tilsette i andre bransjar skal få prøva ut sekstimarsdagen.

– Ordninga passar godt til fysisk belastande yrke som innan reinhald, industri og  helse- og omsorg.