I butikken tenkjer vi helst på å få mest mogleg for pengane. Nyklassisk økonomisk teori tek for gitt at vi oppfører oss slik i alle samanhengar, men Vatn sine erfaringar med folkepanel, viser at teorien ikkje stemmer. Når folk blir bedne om å representere samfunnet og ikkje seg sjølv, legg dei vekt på heilt andre ting.
Han møter ofte folk som har tenkt liknande tankar for seg sjølve, men ikkje våga å seie dei høgt fordi det blir oppfatta som naivt å hevde noko anna enn at mennesket er ute etter å maksimere eigeninteresse.
– Så oppdagar dei at det finst fag som seier at intuisjonen deira er rett, og kan gje dei omgrep for det. Dei siste åra har eg vore oppteken av å ikkje berre analysere problema, men også inspirere og styrke handlingsevna, seier han.
Etter finanskrisa har økonomiundervisinga ved høgare utdanningsinstitusjonar møtt kritikk frå studentar som hevdar faget er blitt for einsretta.
– Initiativet frå studentane har gjort det litt lettare å diskutere alternativ, seier Vatn.
Alternativ økonomisk tenking byrjar altså å sive inn også i norsk akademia, og i juni 2025 skal den internasjonale konferansen for økologisk økonomi og motvekst gå av stabelen i Oslo, med Universitetet i Oslo, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Norsk institutt for naturforsking som vertskap.